Ulovleg jervefelling?
av Krister 8. september, 2010
Forrige veke blei Johan Berge dømt for å felle ein jerv ulovleg.
Ein fantastisk intetsigande dom vil eg påstå; enten har han ulovleg felt freda rovvilt eller so har han felt ein jerv i nødverge fordi den skulle ta sau.
Dersom han har felt den ulovleg burde ha bli fråtatt våpen og jaktrett og få fengselsstraff i tillegg til bota.
Visst det derimot var nødverge burde han vore frikjent, enkelt og greit.
Ei bot slik han får den seier ingenting, men saken er ganske grei. Enten har han gjort noko ulovleg, eller so har han ikkje gjort noko ulovleg. Her burde politiet og rettsystemet skjerpe seg og tenke seg godt om i framtidige liknande saker for dei vil garantert kome!!!
Sauehald og rovdyr
av Krister 3. august, 2010
Stadig fleire saueeigarar må legge ned på grunn av rovdyr
Det blir iallefall hevda at det er rovdyr som er årsaka. Eg tvilar ikkje eit sekund på at det må være smertefullt å finne skada eller drepne sau og lam i skogen, men å skyte alle rovdyr vil ikkje på nokon måte løyse konflikta.
Når ein ligg sopass nær til svenskegrensa som feks Grong gjær, vil ein fortsatt få like store problem med innvandrande rovdyr, spesielt bjørn og ulv. I Sverige har dei store stammar ( i forhold til i norge, sett i den store samanheng er også dei svenske bestandane små) av både uv og bjørn noko som fører til at unge individ stadig er på vandring etter eigne områder. Dette vil føre til skader også i framtida.
Eit anna eksempel en det frå Grong, er Gubrandsdalen. Her er det blitt felt fleire ulvar i sommar og alle desse ulvane kjem frå Sverige. Eit rovdyrfritt Norge vil derfor på ingen måte løyse konflikta mellom rovdyr og beitenæringa. Betre tilsyn eller andre drastiske løysningar må til for å få ned tapstala.
Rendalsulven
av Krister 23. juli, 2010
Då har eg fått tatt nokre bilde av ulven som blei skutt i Rendalen 12. juli.
Det var en stor, men nokså tynn hannulv som vog 44 kg når herjingane hans blei stoppa..
Når eg tok bilete ulven hadde eg med meg beaglekvalpen min, som eg for fyrste gong opplevde var veldi skeptisk til noko, når eg satte ho bort til ulven vart ho veldi usikker og ville fort gøyme seg bak meg.

Ein stor ulv

Tung ulv
Another one bites the dust
av Krister 15. juli, 2010
Måndag blei enda en ulv felt, denne gangen var det i Rendalen.
Det er vel ulv nummer 5 som må bite i graset so långt i sommar.
Det foregår i tillegg fleire bjørnejakter rundt om i det langstrakte land, men so långt er det ikkje same fellingssuksessen med bjørnejakta.
Blodbadet fortsett
av Krister 28. juni, 2010
Inatt blei det skutt 2 ulvar i Oppland.
Det var imidlertid berre gitt tillatelse til å skyte 1, dette til tross at det var sterke mistankar om 2 ulvar i området.
Det er relativt merkeleg at det ikkje blei gitt 2 fellingstillatelsar når dei trudde der var 2 ulvar sidan Stortinget har bestemt at det ikkje skal være ulv i området.
Det at det blei skutt 2 ulv og ikkje 1 bør ikkje gå utover jegeren/jegerane som skaut dyra. Dei har sannsynlegvis spart myndighetene for ein god del pengar når begge ulvane blei skutt på same tid istadenfor at dei venta på ein ny fellingstillatelseog ny jaktprosess. I tillegg har det nukk blitt spart ein god del sau/lam.
So lenge forvaltninga er som den er vil rovdyra og sauene fortsette å tape, og sommaren er sovidt begynt. Blir interesannt å sjå kva resten av sommaren og hausten har å kome med…
Fenris
av Krister 21. juni, 2010
Det er litt rart å tenke på at for ei veke sidan gikk han i fri flyt i dei norsk-svenske skogane, mens idag ligg han stua inn på eit kjølerom.
Eg var å såg på han igår og han har blitt mykje større sidan han blei merka.
Når han blei merka var han 32kg,ganske mager. Når han blei felt var han 44kg (har blitt meg fortalt iallefall), den har med andre ord levd godt av å snylte på bjørnen.

Slik ser Fenris ut der han ligg no.

Heile ulven bar preg av å ha blitt kraftigare og bortimot voksen. Spesielt hovudet.
Det ironiske er at han blei drept før han hadde drept noko, det har iallefall ikkje blitt funne drept rein fram til no. Einaste eg fant som han kan ha drept er ein hare, men den kan og ha blitt drept av andre.
Men no er han iallefall død, før han rakk å skade tamrein.
Ny bjørnejakt i sogn og fjordane
av Krister 21. juni, 2010
Då er det nukk ein gong bjørnejakt på gong i sogn og fjordane.
Den har nukk ikkje vore mange dagane i fylket før det er full jakt på den. Blir spennande å sjå kor dette utvikklar seg.
Får håpe det ikkje går med alt for mange sauder, for slik saudrifta er i Norge idag er det heilt umuleg å ha både sau og rovdyr, og på vestlandet er det rovdyra som tapar kvar gong.
Fenris er død!!
av Krister 18. juni, 2010
Då va Fenris plutslig vekk: ![]()
Det blei gitt fellingstillatelse på han idag, og dermed var det lett match å ta han av dage sidan han hadde radiosendar.
Det har visstnukk ikkje blitt funne rein som er blitt drept av ulv enda, dei hadde berre mistanke om at Fenris var begynt å jage på reinen. Og med det som bakgrunn fikk dei fellingstillatelse.
Dei hadde med andre ord ikkje hatt sjans til å drept han dersom han ikkje hadde hatt sendar, då hadde dei vel knapt nukk visst at det var ulv i området.
Det går ikkje ut over bacheloroppgåva mi, men det er likevel vemodig at han skulle forsvinde so tidlig.
R.I.P Fenris!!
Fenris heng i en tynn tråd..
av Krister 18. juni, 2010
No har Fenris bevega seg inn i Norge og befinn seg i Elgå beitedistrikt.
Dette er dårlig nytt for han, dersom han startar å drepe rein er nok hans dagar over.
For Fenris (og reinen)sin del får eg håpe han går tilbake til Sverige, der er han nok litt tryggare og det er ikkje tilgong på små reinkalvar i same grad.
Ellers so er den adferda dei beskriv om at han gøymer seg i tett kratt på dagen akkurat de same som eg har observert når eg har følgt han.
“Ulven” i Sogn og fjordane!
av Krister 9. juni, 2010
Etter å ha studert bildet av ulven som blei observert i sogn og fjordane må det vel kunne seiast at eg er i tvil om det faktisk talt er en ulv.
Dei fleste eg har diskutert det med på skulen er enige i det. Sidan det ikkje har komt fleire meldingar tyder også det på at det ikkje er nokon ulv det dreiar seg om.

Som ein kan sjå er halen nesten like lang som resten av kroppen, i tillegg er beina noko korte til ein ulv å være!
Sannsynlegvis er det nukk berre ein stor rev som er litt ekstra mørk i pelsen.
Dermed får saudebøndene i sogn og fjordane fred for ulven iallefall ei stund til.
